Bli med på mineraleventyret på Engebø – Vi søker kvalitetsansvarleg

På Engebø er vi i gang med noko stort. Produksjonen av dei første mineralkonsentrata starta i fjerde kvartal 2024, og vi er no i ein spennande fase der vi jobbar oss opp mot full produksjon. På vegen vidare treng vi ein dyktig og engasjert kvalitetsansvarleg på laget. 

Kva gjer ein kvalitetsansvarleg? 

Ein kvalitetsansvarleg har hovudansvaret for at alt vi gjer – frå utvinning til prosessering og levering – held høg standard. Det handlar ikkje berre om å følge regelverk og sertifiseringskrav, men og om å sikre at høg kvalitet blir ein naturleg del av kulturen vår. 

Oppgåvene omfattar blant anna: 

  • Leie sertifiseringsprosessen for ISO 9001 og ISO 14001. 
  • Utvikle og implementere kvalitets- og miljøstyringssystem som oppfyller krava til både sertifisering og berekraft. 
  • Lære opp og støtte kollegaer slik at kvalitet blir ein integrert del av arbeidskvardagen. 
  • Gjennomføre internrevisjonar og følge opp avvik for å identifisere forbetringsmoglegheiter. 
  • Sikre samsvar med lovverk og forskrifter innanfor kvalitet og miljø. 

Kort sagt: Du vil spele ei nøkkelrolle i å bygge opp og vidareutvikle kvalitetssystema våre – og sørge for at vi alltid leverer. 

Kven blir du kollega med? 

Som kvalitetsansvarlig blir du ein del av ESG-avdelinga på Engebø, eit sterkt og samansveisa team med imponerande breidde i både erfaring og personlegheit: 

👩💼 Karoline Høyvik, berekraftsleiar
Karoline er trebarnsmora med eit stort hjarte som trivast best når alle på teamet har det bra, både på jobb og ellers. Ho er kompromisslaus når det gjeld å levere på strenge krav. Som leiar er ho tydeleg og stødig – og eit menneske ein lett får tillit til. 

👠 Katarina Skagestad Kleppe, miljørådgivar
Katarina er den mest erfarne i teamet med lengst fartstid på Engebø. Ho har stålkontroll på heile prosessen og veit nøyaktig kva som må til for å sikre at alt går rett føre seg. På kontoret er ho alltid velkledd, gjerne med høge hælar og solbriller på (uansett ver), men ikkje la deg lure – ho er like komfortabel i støvlar og redningsvest. Når ho er ute i felt, tek ho tak utan å nøle og er ikkje redd for å bli skitten på hendene. Katarina kombinerer fagleg tyngde med praktisk innsikt, og ho imponerer alltid samarbeidspartnarar og konsulentar som jobbar med oss. Ho har eit lynskarpt blikk for detaljar og held ESG-skuta på stø kurs, uansett vêr og vind. 

😄 Iryna, GIS-teknikar
Iryna er beskriven av kollegaene sine som «det mest effektive mennesket dei nokon gong har møtt.» Ho er alltid positiv, hjelpsom og full av energi. Med ein kvikk kommentar på lur og eit auge for detaljar, sørger ho for at stemninga på jobb alltid er på topp. 

🧠 Benjamin, miljørådgivar
Benjamin er ein bergenser med austlandsdialekt og lagets rolege anker. Når stressnivået stig, held han roen og kjem alltid med ein artig kommentar, helst med koffertinnhald, som får kollegaene til å trekke på smilebandet. 

📂 Julia, ESK HMSK rådgivar
Julia er den som får alt til å gå på skinner. Ho er strukturert, effektiv og omsorgsfull – den perfekte kombinasjonen av fagleg styrke og menneskeleg varme. 


Kvifor Engebø? 

Å jobbe på Engebø betyr at du får vere med på eit av dei mest spennande prosjekta innan mineralutvinning i Norge. Prosessen vår består i å utvinne eklogitt-malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat – to verdifulle mineral med viktige bruksområde i moderne industri. 

Du får ikkje berre ein spanande jobb – du får og kort veg til alt Sunnfjord har å by på. Fjord, fjell og vakker natur er aldri langt unna, og du blir ein del av eit fagleg sterkt og sosialt miljø der folk tek vare på kvarandre. 

Kven ser vi etter? 

For å lykkast i denne rolla, bør du ha: 

  • Bachelor eller master innan relevant fagfelt 
  • Erfaring med sertifisering for ISO 9001 og ISO 14001 
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk 
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig 

Kvalitet og bærekraft går hand i hand – vil du vere med på laget?
Dersom du er klar for å ta ansvar og utvikle kvalitetssystema våre, vil vi gjerne høyre frå deg. Dette er ei unik moglegheit til å kombinere fagleg utvikling med ein meiningsfull jobb – saman med eit team du kjem til å bli glad i. 

Les meir og søk her.