Engebø Rutile & Garnet og Campus Verftet inngår samarbeid.
Nordic Mining har gjennom sitt dotterselskap, Engebø Rutile & Garnet AS (ERG) inngått eit langsiktig samarbeid med Campus Verftet AS (CV) som vil styrke partnarskapet og fremme utvikling av produksjonsprosessar, bruk av restmineralar og kunnskap om mineralutvinning. Avtalen markerar ein strategisk allianse som vil bidra til auka samarbeid mellom næringslivet og utdanningsinstitusjonar i regionen.
Engebø Rutile & Garnet har investert i fire maskiner som skal brukast til opplæring av produksjonsprosessen ved ERG sitt anlegg på Engebø. Desse maskinene vil bli plasserte i betonglaben hos Campus Verftet og det blir tilrettelagt for sambruk av utstyret med undervisning og for andre formål for Campus Verftet. ERG vil stille med ressursar for opplæring av maskinene og til undervisning av studentar.
Samarbeidet gjer at Campus Verftet blir komplimentert med utstyr som kan benyttast til forsking og utvikling i samband med avtala om mineralinkubator mellom
ERG, Askvoll kommune og Sunnfjord kommune.
Avtala legg til rette for utviding med ytterlegare utstyr og maskiner i framtida og for kursing av studentar og ERG sine tilsette på større produksjonsutstyr for oppreding av mineral.
—Det er ei stor glede og endeleg annonsere ei formalisering av dette samarbeidet som har vore diskutert over lang tid. Utstyret som blir satt opp er av høg kvalitet og vil kunne simulere produksjonsanlegget på Engebø i èin forenkla prosess. Utstyret er ikkje ulikt det ein finn på større og kjente testlaboratorium for å undersøke om det er mogleg å utvinne mineral frå førekomstar. Vi håper denne satsinga gir grobotn for vidare oppbygging av verksemder i relasjon til mineralutvinning i Sunnfjord regionen, seier dagleg leiar i Engebø Rutile and Garnet, Kenneth Nakken Angedal.
—Dette er vi veldig positive til! Vi håpar og trur at dette samarbeidet med ERG kan bli ein katalysator for vidare og fleire samarbeid mellom regionens utdanningsinstitusjonar og næringslivet, seier Øystein Stavø Høvig, dagleg leiar ved Campus Verftet.
Campus Verftet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen Vestland (Vestland Fylkeskommune) og fleire aktørar i næringslivet lokalt. Saman har ein bygd opp eit stort felleslokale på Øyrane med laboratorium som brukast både av studentar og av næringslivet, med rom for undervisning og for å skape nye løysingar innan prioriterte område som bygg, robotikk, automasjon, elkraft med meir.