Er du vår nye teamleiar for ytre miljø på Engebø?
Tenk deg ei leiarstilling som kombinerer spenninga ved moderne gruvedrift med moglegheit til å gjere ein forskjell for miljøet. På Engebø er denne moglegheiten tilgjengelig akkurat no! I Nordic Mining har vi starta mineralproduksjonen på Engebø, og no treng vi ein dyktig teamleiar for ytre miljø. I den rolla får du moglegheit til å leie eit stjernelag, forme framtidas standardardar og nyte kort veg til Sunnfjords fantastiske moglegheiter.
Di superkraft?
Som teamleiar vil du stå i spissen for alt som handlar om ytre miljø. Du skal ikkje berre sikre at vi overheld alle krav, men også utvikle og forbetre arbeidet. Miljøovervaking, berekraftsrapportering og samarbeid med myndigheiter er berre noko av det du vil få bryne deg på.
Vi treng ein som kan:
- Leie og inspirere eit team av miljøentusiastar.
- Overvake og analysere miljødata.
- Sikre at alt vi gjer, skjer i tråd med lover, reglar og våre høge berekraftsmål.
- Kommunisere klart og tydeleg.
Din bakgrunn:
- Mastergrad innan biologi, miljøvitskap eller noko liknande.
- Erfaring med miljøovervaking og rapportering? Flott!
- Leiarerfaring? Det er ein fordel, men ikkje eit krav. Vi er alle nybyrjarar på noko.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk.
Kvifor jobbe med oss?
Hos oss blir ein del av eit heilt nytt team. ESG avdelinga hos oss er ein ekstremt dedikert og inspirerande gjeng. Teamet er i vekst, men i dag består det av Katarina, Julia, Iryna, Benjamin og Karoline – alle dyktige og engasjerte fagfolk som brenn for berekraft og miljøansvar. Saman jobbar vi for å sette høg standardard for moderne gruvedrift. Utover eige team vil du jobbe med menneske frå fire kontinent. Vi startar opp den første gruva i Norge på over 40 år og har dei nyaste fasilitetane, inkludert kontor, laboratorium og produksjonslokale. I tillegg legg vi stor vekt på mangfald, god kultur og balanse mellom jobb og fritid.
Vil du bli med?
Då håpar vi du vil søke på stillinga innan søknadsfristen som er 31. januar. Les meir og søk her.