Espen Kirketeig er tilsett som teamleiar i Engebø Rutile & Garnet
Kveldane brukar han stort sett på ein eller anna form for aktivitet. Enten det er for å trene sjølv, følge ungane eller vere fotball og volleyballtrenar. Espen Kirketeig på plass hos Engebø Rutile & Garnet som teamleiar prosess og produksjon.
— Eg har blitt meir introvert med åra, noko fleire bekjente sikkert blir overraska av å høyre. Eg finn stor glede i gå meg ein tur åleine, eller slappe av heime med musikk. Det er då eg ladar batteria best, når eg får slappa av heime saman med ungane, seier Espen.
Grunnen til at nokre vil bli overraska av svaret er kanskje fordi Espen ikkje er spesielt redd for å by på seg sjølv. Det kostar han lite å stikke seg litt fram om ein situasjon krever det, eller om han ser at det kan gjelpe andre. —På slutten av dagen finn du meg uansett sittande roleg og reflekterande over dagens store og små opplevingar.
Espen kjem frå stillinga som dagleg leiar på Campus Verftet. Før dette igjen har han jobba i Hansen Technologies, og han har utdanning innan automasjon. Som teamleiar hos oss vil han få personalansvaret for alle prosessoperatørane i avdelinga, og ei viktig oppgåve no i oppstarten vil vere å rekruttere alle desse.
— Eg ser fram til å få vere med å starte ny industri i lokalområdet, og bygge eit best mogleg team for å sikre at drifta blir så bra som den kan bli. Det er veldig spennande å få jobbe tett med dyktige mennesker frå heile verda.
Velkomen til oss, Espen, vi lovar å ta godt imot deg.