Ny direktør i Nordic Mining: Finn Ivar Marum har tatt over som CEO

Mars 2025 markerer ein ny milepæl for Nordic Mining ASA, då Finn Ivar Marum har tatt over som administrerande direktør. Med ei solid bakgrunn innan industriell oppskalering og kapitalmarknad, skal han leie selskapet inn i ein ny epoke med vekst og utvikling.

Finn Ivar Maarum, ny CEO i Nordic Mining

Byggjer vidare på suksessen
Marum har ambisiøse mål og eit sterkt engasjement for Nordic Mining si framtid. «Eg ser verkeleg fram til å jobbe som CEO i Nordic Mining. Det er spanande å vere ein del av teamet og arbeide for å realisere potensialet i Engebø-prosjektet og dei store moglegheitene vi har framfor oss,» seier han. Styreleiar Kjell Roland har stor tru på at Marum er rett mann til jobben. «Styret er svært nøgd med at Finn Ivar Marum har takka ja til stillinga. Vi er overtydde om at han vil ta Nordic Mining til neste nivå og byggje vidare på suksessen til Engebø Rutile og Garnet.»

Besøk på Engebø
Forrige veke besøkte den ny CEO Engebø saman med avtroppande direktør Ivar S. Fossum og styreleiar Kjell Roland. Dei fekk omvising, helse på tilsette og gjennomførte ein offisiell introduksjon. Dette var ein viktig del av overgangen, og Marum fekk eit inntrykk av både anlegget og dei tilsette som står bak den daglege drifta.

Omfattande erfaring
Før han kom til Nordic Mining, var Marum administrerande direktør i Nortek Group. Han har også vore Senior Partner i Hitecvision og konserndirektør (EVP) i Norfund. Han har ein Master of International Affairs frå Columbia University og ein Bachelor of Arts frå Concordia College.

Med Marum ved roret går Nordic Mining ei spanande tid i møte. Vi ser fram til vidare utvikling og vekst under hans leiarskap.