Viktig framgang i Engebø-prosjektet: Nordic Bulk har starta mekanisk installasjon
Det gledar oss å kunngjere viktig framgang i Engebø-prosjektet, med påbegynt mekanisk installering ved prosesseininga. Dette skjer gjennom eit nært samarbeid med Nordic Bulk AS, ein anerkjent norsk leverandør av prosesseiningar, reservedelar og service med over 30 års bransjeerfaring.
—Den mekaniske installeringa, som er ein nøkkelfase i prosjektet, blir utført med dyktigheit og presisjon takka vere Nordic Bulk, som har etablert seg som ein uvurderleg partner for Engebø Rutile & Garnet, seier Kenneth Nakken Angedal, dagleg leiar i Engebø Rutile & Garnet.
Nordic Bulk AS er ein norsk leverandør med brei kompetanse innan prosessanlegg, reservedelar og service til bergverks- og mineralindustrien. Med over 30 års erfaring har dei ein solid posisjon i bransjen. Nordic bulk har over 30 interne og 60 eksterne medarbeidarar engasjert i Engebøprosjektet. I takt med prosjektets utvikling vil fokuset skifte frå ingeniørar til montørar, med eit aukande nærver frå Nordic Bulk.
Frå design til miljøvennleg bransjeutvikling
Nordic Bulk si rolle som leverandør omfattar alt frå design, produksjon og montering til prosjektleiing og leveranse av delar og maskiner. Dette inkluderar grovknuseverk inne i fjellet, samt finknuseverk, våtprosessanlegg, tørrprosessanlegg, lagertankar for materiale, båtutlastar til skip og transportørar for effektiv transport av masse.
Engebøprosjektet representerar ein strategisk betydning for Nordic Bulk, og selskapet er sterkt engasjert i å levere optimale løysingar for Nordic Mining. Videre deltek Nordic Bulk aktivt i oppbygginga av ein stabil og miljøvennleg bransje i Norge knytta til oppreiing og uttak av mineral.